logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Heim        
 

: Alle tillitsvalde iHMU

 
Kva skjer?

22.01
Leikarringen øver kl 1930. Songdans, reinlender, polka, pols, Niaren Kvalatun

22.01
Tirsdagsgjengen øver kl 1800 Kvalatun

25.01 - 27.01
Dansekurs Kvalatun

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Kvedarkurs på Kvalatun

Martha Birkeland held kvedarkurs på Kvalatun helga 9. - 10. februar

 
Martha Birkeland

Martha Birkeland er frå Haugeund og har m- a- gått på musikklinja på Skeisvang VGS, og har dtudert folkemusikk på Rauland. Ho er og medlem av HMU, og vil halda eit helgekurs i kveding for oss. Ho vil og fokusera på å læra vekk tonar frå Haugalandet i vid forstand, og detblir truleg tonar frå Vindafjoe, gjerne og frå Sauda og andre stader.

Martha fortel litt om kvedarbakgrunnen: "Eg lærde å kveda i 1996 då eg fekk vera med mor på kvedarkurs, og tonane gjekk rett i hjarta. Same året stilte eg til UKM (ungdommens kulturmønstring)  med folketonane eg hadde lærd. Året etter fekk eg opna julekonserten i Vår Frelsers Kirke med kveding og song saman med HIL-koret.

Seinare har eg halde fleire mindre konsertar. I 2010-2011 tok eg eit årsstudium i folkemusikk, og i 2018 fekk eg veraamed på Masterslass Hardanger der eg m. a. fekk songtimar hos Beri Opheim. Nå er eg så heldig å fø læra songar av Liv Hannen frå Bjoa- Ho har inspirert meg til å gjera meir for å læra tonane vidare. Det ser eg fram til."

Kurset varer frå kl 10.00 til kl. 15. 30 laurdagen (inkludert lunsjpause), og frå                                       kl  10.00 til kl 13.00 søndagen 

Kontakt Charlotte for påmelding eller eventuelle spørsmål i tlf 480 74 994 eller Messenger.  Vi i HMU gler oss til kurset.