logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Om HMU        
 

: styret i HMU
: om HMU
: Lover for HMU

 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Lover for Haugesund Mållag og Ungdomslag

 Vedtekne på årsmøte 24. januar 1991

med desse endringar: Årsmøte 29/01-1998,

Omframt årsmøte 18/10-2001 

og årsmøte 18/02-03

Sist brigda på årsmøte 15. februar 2007

 

§ 1

Føremål

 

1.      Haugesund Mållag og Ungdomslag har til føremål å arbeida for norske kulturtradisjonar  som det norske folkemålet i tale og skrift, norsk folkedans og folkemusikk. Haugesund Mållag og Ungdomslag skal og arbeida for atterreising av norsk kultur i det heile.

 2.      Laget skal arbeida i samsvar med føremålet og arbeidsprogramma til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.

 § 2

Medlemskap og årspengar

 1.      Haugesund Mållag og Ungdomslag er med i Karmsund Mållag og Rogaland Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til desse fylkeslaga og til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.

 2.      Barn kan bli medlemer i Haugesund Mållag og Ungdomslag og Noregs Ungdomslag når dei er 5 år og har betalt årspengane. Dei som har fylt 14 år og godkjenner føremålet til Haugesund Mållag og Ungdomslag, er lagsfolk og dermed medlemer i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag med fulle rettar og plikter.

 3.      Styret i laget har ansvar for at medlemspengane til fylkeslaga, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag blir betalte til rett tid.

 

§ 3

Årsmelding

 

1.      Arbeidet i laget skal følgja kalenderåret.

 

2.      Laget sender årsmelding til fylkeslaga kvart år i rett tid.

 

§4

Årsmøtet

 1.      Årsmøtet skal vera innan 15. februar og må vera kunngjort på vanleg måte minst 14 dagar på førehand. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøte, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemene krev det.

 2.   Årsmøtet vel leiar og nestleiar med 1 varamedlem. Nestleiar og varamedlem

      blir valde for to år om gongen, slik at ein av dei står på val kvart år.

Årsmøtet vel medlemer til dei nemndene styret finn nødvendig.

Dersom styret ikkje finn det nødvendig å ha målnemnd, er styret ansvarleg for målarbeidet., og nestleiar i styret er då hovudansvarleg for det..

Det skal vera minst 3 medlemer i kvar valde nemnd. Leiaren i kvar nemnd blir vald særskild for eitt år om gongen. Faste medlemer av lagsstyret er leiarane i kvar nemnd. Styret skal ha minst 5 medlemer. Om det ikkje vert vald 3 nemnder, må årsmøtet velja styremedlemer i tillegg. Dei andre nemndmedlemene og blir valde for to år om gongen slik at minst ein av dei står på val kvart år.

 

-2-

Nemndmedlemene er varamedlemer til styret, rekna etter funksjonstid i nemnda, og skal møta når nemndleiaren er hindra frå å delta.

Leiar og nestleiar i styret kan ikkje samstundes vera leiar i ei av nemndene, men kan vera medlem der. Nye aktivitetar skal leggjast inn under ei av dei faste nemndene.

To av medlemene i laget blir valde til å sjå etter rekneskapen. Desse blir valde for eitt år om gongen.

Årsmøtet vel valnemnd på 3 medlemer. Valnemnda skal ha melding frå styret innan 1. november om kva nemnder som skal veljast.

 

2.      Utsendingar til årsmøta i fylkeslaga, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag skal veljast på årsmøtet i laget eller på eit lagsmøte.

 3.      Årsmøtet skal godkjenna årsmelding til laget, ettersett rekneskap, og andre saker som styret legg fram for det. Pengeløyvingar på over 25.000 kroner skal godkjennast av årsmøtet.

 4.      Saker som medlemene vil ha inn for årsmøtet, må vera komne til styret innan 1. januar.

 

§ 5

Arbeidet i styret

 1.      Styret leier arbeidet i laget, Styret har og ansvaret for arbeidet i nemndene.

 2.      Styret tek imot innmeldingar i laget

3.      Styret skal syta for at årsmøtet får årsmelding, ettersett rekneskap og framlegg om medlemskontingent

4.      Styret skal driva laget på ein økonomisk forsvarleg måte. Styret bør setja opp budsjett til rettleiing for drifta av laget. Styret kan føreta nyinvesteringar på inntil kr 50.000,- pr. år. Større nyinvesteringar må godkjennast av årsmøtet. Pengeløyvingar på over kr 10.000,- skal godkjennast av lagsmøtet.

 5.      Styret skal føra vedtaksprotokoll for styremøte, lags- og årsmøte.

 6.      Om årsmøtet ikkje har vald nemnd for studiearbeid, skal styret ta på seg dette arbeidet

7.      Styret kan gjera vedtak når leiaren eller nestleiaren og 3 styremedlemer er til stades. Leiaren si dobbelrøyst gjeld ved likt røystetal.

 8.      Rusdrikk eller andre rusmiddel må ikkje nyttast i dei samkomene som laget har aleine eller saman med andre lag.

 9.      Styret kan til ei kvar tid stryka lagsmedlemer som arbeider mot laget sitt føremål. Denne avgjerda kan ankast inn for årsmøtet i laget

10.  Styret skal tilsetja forretningsførar, og utarbeida stillingsinstruks

 

-3-

§ 6

Trygging av eiga

 1.      Fast lagseige kan ikkje avhendast eller leigast bort på årsmål utan samtykkje frå styret i Noregs Mållag og styret i Noregs Ungdomslag.

 2.      Minst 10% av finansinntektene skal kvart år leggjast til kapitalen.

 3.      Av kapitalen skal minst 75% stå fast, om ikkje eit årsmøte med 4/5 fleirtal gjer vedtak om noko anna. Dersom laget eit år ynskjer å bruka meir enn 90% av finansinntektene, krevst det 2/3 fleirtal.

 

4.      Løyvingar skal i hovudsak gjerast på årsmøtet, men årsmøtet kan setja av ein sum som styret kan løyva frå.

 5.      Skulle laget verta nedlagd, eller skifta føremål så det ikkje lenger arbeider i samsvar med § 1, går lagseiga til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag som førebels tek vare på han. Dersom det innan 15 år vert skipa eit nytt lag i Haugesund som bind seg til § 1, skal eiga gå til det. I anna fall går halvparten av eiga til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Resten går til kulturelle formål i Haugesund kommune.

Styret i Noregs Mållag saman med styret i Noregs Ungdomslag avgjer med endeleg verknad dei skjønsspørsmåla som denne paragrafen gjev høve til, t.d. om ein kan seia at laget har skifta føremål eller om det med rette kan kallast eit lag som arbeider i samsvar med føremålet til Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag.

 

§ 7

Røysterett

 

Alle lagsfolk over 14 år som har betalt årspengar og har vore medlemer i laget i 3 månader, har røysterett.

 

§ 8

Ymse

 Lover og føresegner for Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i laget eller desse organisasjonane ålment, gjeld og for Haugesund Mållag og Ungdomslag.

 

§ 9

Lovendring

 Framlegg om lovendring skal vera kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endringa med 2/3 fleirtal. For å endra paragraf 6 trengst det 4/5 fleirtal.

 

 

 

 

 

 

 

 

-4-