logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Ungdomshus        
 

: Kvalatun
: Fredheim

 
Kva skjer?

30.12
Romjulsdans v/Haugaland Trekkspillklubb Kvalatun

09.01
Leikarringen startar opp 09/01 kl 1930 InstruktÝr Odd Steinar, musikk Jostein Kvalatun

09.01
Tirsdagsgjengen startar opp 9/01-2018 Kvalatun kl 1800

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Kvalatun

Adressa til Kvalatun er Kvalamarka 25, 5514 Haugesund

Draumen om eige hus har laget hatt lenge. Laget eigde mange eigedomar i sentrum av Haugesund, men det var ikkje før i 1990 at draumen vart realisert.

Før den tid heldt laget til i leigde lokale fleire stader i byen. Den fyrste tida heldt ei hus i meierisalen, dette var i starten på 30-åra. Seinare leigde laget hus i det som idag heiter Høvleriet, vidare i Godtemplarlokalet, Odd Fellow, Totalen, Handelstanden og Festiviteten.

Ynskje om eige hus var levande, og ein var på jakt etter høvelege hus, og ein kjøpte og inn eigedomar i sentrum med tanke på å få til eit samlingslokale. Men i dei harde 30 - åra tapte laget store pengar då banken laget nytta, Torvastad og Skåre Sparebank fekk vanskar og sett under likvidasjon.  eit oversyn ved 25 års jubileet i 1931 viste eit tap på omlag 100 000 kroner. Dette var store pengar i dei tidene, så byggjeplanane måtte skrinleggjast ei tid. I 1936 opna hotel Kong Harald og var etter den tida  smakfylt og godt utstyrt, og hotellet vart drive til 1959. Hotellet gjekk i tap dei siste åra, og hotelle vart og slitt under krigen då tyskarane rekvirerte fleire rom. Dei to kaffistovene gjekk godt i denne tida, så det var ein måte å skaffa pengar på.

Haugesund Mållag kjøpte og fleire aksjar i Haugesunds Avis i 30 - åra, då "aviså" kom i vanskar. Det redda redda nok HA over vanskane. Men i 1980 åra vart finansverda interessert i medieaksjar,  og laget hadde mange aksjar i avisa, så dette vart det pengar av. laget selde aksjane i avisa etter kvartog fekk med dette midlar ril rådvelde for å kunna byggja huset vi eig idag.

Kvalatun vart innvigd i 1990 med ein stor fest, der ordførar og mange gjester var til stades. Det er ikkje mange lag som er gjeldfrie etter å ha bygd nytt hus,

 

Kvalatun er blitt eit populært hus, og det er mange som leiger huset til ymse samkomer, Mange har leigd huset til bryllup og åremålsdagar, og vi har eit godt utstyrt kjøken.

 

Prisar på utleige: Bryllup kostar kr 2500.-, då har ein huset frå fredag til søndag.

Leige ein fredag eller laurdag kveld kostar kr 1500, medan andre dagar kostar kr 1000.-

I tillegg til desse prisane kjem kostnader til vask etter bruk, slik at det blir lagt til 1200 kroner i tillegg til dei nemnde prisane. (Styrevedtak)

Ynskjer du å leiga huset ta kontakt med Kjell Tveit, telefon 901 41 246.