logo   banner    
      meny    
      meny    
  :: Om HMU        
 

: styret i HMU
: om HMU
: Lover for HMU

 
Kva skjer?

30.12
Romjulsdans v/Haugaland Trekkspillklubb Kvalatun

09.01
Leikarringen startar opp 09/01 kl 1930 InstruktÝr Odd Steinar, musikk Jostein Kvalatun

09.01
Tirsdagsgjengen startar opp 9/01-2018 Kvalatun kl 1800

Heile kalenderen

 
kart
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

 
     
 

Om HMU

 

Haugesund Mållag vart skipa i 1906, (8. april). Noregs Mållag hade vorte slipa berre nokre månader tidlegare. Føremålet var klart frå fyrste dag, - ardeida for å fremja det norske målet. Seinare vart føremålsparagrafen endra til at ein i det heile skulle arbeida for norsk kultur. Også fråhaldssaka var med frå fyrste stund. Dette skapte grunnlag for å satsa på folkedans og m. a. kaffistover.

Det var stor politisk interesse etter avrøystinga om oppløysing av unionen med Sverige. I Haugesund stemde alle røysteføre JA.  Kampen for norsk fridom og norsk mål var for mange det same. Det var rundt 20 stk, både kvinner og menn, som samlast på Breidablikk skole og stifta Haugesund Mållag, og det var fleire kjende som var med: Vi kan nemna Nils Sund Heilie Dagsland, Berta Sund, Olav Gjerstad, Knut markhus og fleire.  Det var lenge nøye forbindelse mellom venstresak, fråhaldssak og målsak. Men laget heldt seg unna direkte samrøre mellom parti og målsak.

Ei av dei største stridsspørsmåla laget tok opp i starten var å få nynorske salmar, og då gjerne salmar av Elias Blix. Han var ikkje så velsett i byar ot riksmålskrinsar.

Laget dreiv fleire kaffistover i byen, og dreiv også eige Hotell, Kong Harald. Laget sto også bak Haugesund Nynorske Teater, og medeigar i Haugesunds Avis. I 1990 skifta lager namn til Haugesund Mållag og Ungdomslag for slik å markera at ein dreiv i stor grad med ungdomsarbeid  Dette syner at det var ikkje berre målsak laget arbeidde for, men oh Leik, dans, folkemusikk og bunadarbeid. Det kan ein sjå på nemndstrukturen i laget.

Laget er med i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag, og sjølvsagt Karmsund Mållag og Rogaland Ungdomslag.. Laget har og hatt høve til å løyvd pengar til gode nynorskføremål.

Meir om laget kan ein lesa i Jubileumsboka, Kulturberaren, som kom ut til 100 års jubileet i 2006.Forfattar av boka er Redaktør Kristian Magnus Vikse.

 

K. T.