Fredheim

Haugesund Mållag kjøpte i 1921 ein 13 mål stor eigedom med hus på Myklebust ved Førresfjorden, og denne fekk namnet Fredheim. Dette har vore ein kjær utferdsstad for lagsolk og andre opp gjennom åra. Hytta har det som trengs av kjøkenutstyr og sengetøy, så her er mogleg for overnatting. Hytta har vore mykje nytta, særleg dei fyrste åra, og 17. mai, jonsok og andre festdagar vart høgtida her.
Intereessa for hytta har vore skiftande, men ho har blitt teke godt vare på og blitt fornya fleire gonger. det er ikkje få dugnadstomar om er utførde av medlemene gjennom åra, og kvar sommar er det tillyst dugnad for å halda eigedomen i stand. Før ferien tek til har vi avslutning på Fredheim i slutten av mai. Hytta sett frå utsida
Hytta er for tida utleigd til Frøiland Bygg
|